Ølgnassen
Ølgnassen
Norske råvarer

    Ølgnassen

    55,90 kr
    Alle avgifter inkludert
    Utseende Lyst
    Smak Mild og fruktig bitterheit med hint av skog.
    Aroma Floral, einer, malt
    Allergener Bygg
    Emballasje metall
    Volum 0,33

      Dette er ein handverkspils for deg som ynskjer eit lett og friskt øl, som likevel er spanande. Me legg nokre ferske einerkvistar i meskevatnet kvelden før brygging – slik at ølet får eit hint av skog. Spesialutvald humle med ei mild og fruktig bitterheit, syter for å spele på lag med einerlogen. For å bevare mest mogeleg av smaken, er ølet sjølvsagt ufiltrert. Serverast på 5-7°C, og passar godt til fisk og skaldyr.

      «Ølgnass» er eit gamalt ord frå Setesdal. Det betyr ein som er glad i øl.