Augnestyngjen IPA
Nyhet

    Augnestyngjen IPA

    64,90 kr
    Alle avgifter inkludert
    Emballasje metall
    Volum 0,44

      Det kan vere ei utfordring å få fylde i ølet når alkoholstyrken ikkje er høg. Men det handlar om gode råvarer, og utnytte dei best mogleg. Difor har me brukt ein malttype som heiter Golden Promise, kjend for å gi balanserte øl med god munnkjensle. Så har me spedd på med flaka havre og kveite.

      Augnestyngjen, som er setesdalsk for augnestikkaren, er deretter tørrhumla med rikelege dosar Eldorado, Citra og Simcoe. Dette gjev ein aroma av fruktig godteri, og smak av sitrus og tropiske frukter. Stranda-kveiken frå Sunnmøre kompletterer dette med eigne esterar av steinfrukt og funky notar.