Kvitøl med Kveik

    Kvitøl med Kveik

    49,90 kr
    Alle avgifter inkludert
    Emballasje glass
    Volum 0,33

      Kvitøl er eit kveiteøl med inspirasjon frå Belgisk Wit. Me har krydra med appelsinskal og koriander. Kvitølet er også gjæra med urgjæra Kveik, som me har brukt på gardane på Voss i tusenvis av år. På Voss har me brygga øl sidan like etter at den fyrste sauen vart fødd. Kveika vår kjem frå Sigmund Gjernes, og har tropisk smak og aroma. Alt dette set ein eksotisk spiss på smaken, enten du drikk det som tystedrikk ellers som følgje til fisk, skalldyr eller fruktdessertar.