Vidda

    Vidda

    79,90 kr
    Alle avgifter inkludert
    Utseende Lys brun
    Smak Fyldig maltrik med toner av karamell og nøtter
    Aroma Sjokolade, røstede nøtter, karamell
    Allergener Bygg
    Emballasje glass
    Volum 0,75

      Vidda er ein brown ale i engelsk stil med kraftig maltkarakter. Vi har laga dette ølet spesielt til kraftige kjøtrettar, som reinsdyr, hjort, elg og småvilt. Brown ale blir nok sett på som ein traust og kjedeleg ølstil, men vi på Kinn elskar den! Svært drikkbar og utruleg anvendeleg til eit breitt spekter av mat. Kjøt, pizza, taco, gryter, ja det meste kan fungere til ein godt balansert brown ale. Noko av hemmelegheita med Vidda er at vi brukar brown malt frå den tradisjonelle produsenten Thomas Fawcett & Sons i Yorkshire. Denne tørrøsta malten gir oss akkurat den rette mørke maltsmaken vi er på jakt etter.